«Jane» på pallen
Endeleg klarte me det, seier Karin Winbladh med tårer i augene og gir «Jane» ein ekstra suss.
Den to år gamle cocker spanielen «Jane» blei champion
under hundeutstillinga på Orre i helga.
- Dette er ein hobby, men det har nok gått litt lengre for oss, seier Åge Lauby.
Han og kona Karin Winbladh har sju hundar, fire amerikanske og tre engelske
cocker spaniel, som dei tek med seg land og strand på hundeutstillingar.
- Me kunne reist på utstilling kvar helg viss me ville, men me vel ut nokre av
dei. Likevel blir det litt farting både i Noreg, Sverige, Danmark og Polen,
seier Lauby, som natt til laurdag køyrde drygt 50 mil frå Andebu til Jæren.
Dette var den tredje helga på rappen med utstilling, og sundag ettermiddag bar
det attende til austlandet.
- Det går jo mykje tid på det, men det er veldig kjekt. Hundane blir som dine
eigne ungar. Du følgjer utviklinga på dei frå dei er små valpar. Det er veldig
interessant, seier Lauby som saman med kona driv avl av cocker spaniel heime i
Andebu.
- Livsstil
Karin Winbladh og «Jane» står bakom teltet og gjer seg klar til konkurransen. I
kofferten ligg sakser, børstar og kammar. Pelsen skal vera skinnande glatt og
rein. Alt skal vera på G.
- Eg håper på champion i dag, seier Winbladh, som opphavleg kjem frå Sverige og
har drive med hundeavl og konkurransar i over 30 år.
- Dette blir som ein livsstil. Me treff mange vener og kjente og har det veldig
sosialt, seier ho.
Det er eit yrande hundeliv over heile idrettsanlegget på Orre. 1919 hundar var
påmelde på Norsk Kennel Klub si internasjonale hundeutstilling på Jæren i helga.
Spisshundar, apporterande hundar, selskapshundar og mynder er her for å
konkurrera. Det bjeffar frå bilar og bur. Dei er høgreiste og kortvaksne,
krøllete og snaubarberte, tynne og trivslege.
Men felles for dei aller fleste er at dei er blitt dulla med i det uendelege.
Sløyfer rundt øyra, speilfløyel over skuldrene, og glinsande glatte pelsar
kappast om kvarandre. Ein kvit puddel blir boren over grusvegen. Det er ikkje
verdt å risikera å bli skiten.
- Eg treng tre timar på å bada og føna opp «Mikke», seier Åge Lauby om den vesle
svartglinsande amerikanske cocker spanielen.
Dei amerikanske treng lengre tid på badet enn dei engelske fordi dei har meir
pels og må badast to gonger for å bli heilt rein.